Oluf Rygh

Oluf Rygh

Fødd5. september 1833
Verdal kommune
Død19. august 1899
Nome kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeantropolog, arkeolog, forhistoriker, filolog, historikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materTrondheim katedralskole
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Oluf Rygh (5. september 183319. august 1899) var ein norsk arkeolog og historikar. Han var professor i historie ved Universitetet i Oslo mellom 1866 og 1875, styrar av Oldsaksamlinga frå 1862 og professor i nordisk arkeologi frå 1875. Han var den første professor i arkeologi ved eit skandinavisk universitet. Han er kjend for utgravinga av Tuneskipet i 1867 og publikasjonane Norske Oldsager frå 1885.

I 1878 vart professorane Sophus Bugge, Oluf Rygh og prost Johan Fritzner oppnemnde som medlemmer i ein kommisjon for revisjon av namna i matrikkelen. På bakkgrunn av det innsamla materialet starta Oluf Rygh utgjevinga av storverket Norske Gaardnavne som kom ut med 18 band frå 1897 til 1919. Eit tilleggsband kom ut i 1924. I dette verket vert det gjeve historiske opplysningar om namna til alle matrikkelgardane i Noreg, og det er opplyst korleis namnet vart uttalt i folkeleg uttale.

Andre etterlatne arbeid etter Oluf Rygh var

  • Gamle Personnavne i norske Stedsnavne (utgjeve 1901)
  • Norske Elvenavne (utgjeve ved broren Karl Ditlev Rygh 1904)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy